Victory

Victory

Del på Facebook
Publisert: 14.03.2010 20:14
Av: André Haugsbø

Idag var det tid for langdistanse KM her heime på Langeland. Største utfordrar var som alltid Asgeir Årdal. Når føret viste seg å vere på hans side var eg ganske spent før start.

Tidlegare i veka var det ei sak på nettavisen: http://www.nettavisen.no/sport/vinter/article2856451.ece angåande eit skikkeleg godpar frå nittitalet. Samme model har også Asgeir Årdal. Eg har sjølv brukt dette paret ved fleire anledningar og skia må seiast å vere eit skikkeleg godpar.

På dagens renn var det 2minus og tørr nysnø, heilt til sola kom... Då vart det klister og eg klarte å smøre meg heilt vekk. Ein glidtest før start gjekk sopass bra for Asgeir at han berre lo av meg...

30s før start hadde eg is klisteret og såg for meg eit tungt renn... Men heldigvis hadde Ola Hegrenes eit ekstra par liggande med voks. Han meinte eg skulle få feste på det so eg satsa. Kom på startstrek 1s før eg skulle ut og la ut i bra tempo.

Skia funka dei, hadde både feste og glid i tre mil og kunne til slutt inkassere vandrepokalen for landistanse (3 napp på rappen).

No teke eg med meg denne gode følelsen til Birken, verte sofan resten av veka for å finne overskuddet.

André

<<<
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.