
Publisert: 04.08.2010 18:33
Av: André Haugsbø
Idag var det igjen klart for Hallstabakken, denne gangen med rulleski på beina. 5 gangar opp bakken, skulle ta ca 15min.
Med sju (inkl. innleigd fartsholdar Magnus) fartskåte stakarar på startstrek i bånn av bakken var det nødt til å verte fart. Første draget gjekk unda på litt i overkant av 14min, og det viste seg å verte det "rolegaste".
Bakken krevde sin mann, og fleire fekk det etterkvart litt tungt. Jørgen viste at han har staka denne bakken nokre gongar før og berre for å vise kvar lista ligg vart det 13.04 på siste draget. Audun var nermast med å følge medan underteikna måtte bite i asfalten på sistedraget og klarte so vidt å slite seg opp dei verste kneikane.
Ikkje nok med at første økta var hard so klinka vi til med skate opp samme bakken på andreøkta, for rulleskibana ligg på toppen av denne. Nok ein gang viste Hallstadbakken seg å vere ein prøve for slitne bein...
André
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.