Vasaloppet

Del på Facebook
Publisert: 09.03.2010 09:57
Av: Svein Olav Utistog

Med nok eit sterkt Vasalopp viste Thomas igjen at han beherskar dei 9 velkjente mila frå Sälen til Mora bra. Med maksimal klaff på slutten trur eg han like gjerne kunne ha enda 10 plasseringar lengre opp på resultatlista. Eg er imponert..

For min eigen del klarte eg meg brukbart fram til stigningane opp mot Risberg, men derifrå og inn var det bråslutt. Rett og slett ingenting fungerte og eg måtte bare samle saman dei siste kreftene til å karre meg i mål. Nå, to dagar seinare følest det heilt elendig. Vasaloppet, det største rennet i løpet av sesongen som eg har trent for dei siste 10 månadane kunne ikkje gått verre. Veldig bittert at absolutt ingenting skulle fungere akkurat den fyrste sundagen i mars..

Svein Olav

<<<
eZ Publish™ copyright © 1999-2010 eZ Systems AS