
Publisert: 28.01.2011 14:02
Av: André Haugsbø
Vi er no på plass i sola i Italia! Har prøvd skia og alle som kjem kan glede seg til kanon forhold.
Først av alt: Grattis til sjefen med knalløp i går! Vart dagens snakkis når vi landa i Munchen og fekk meldingar om at Alsgaard var tilbake i norgestoppen -steikje bra!
Medan sjefen er heime og skapar feite overskrifter er vi andre komt på plass for å forberede oss til eit av vinterens høgdepunkt. Eg, Audun, Jørgen og Thomas H prøvde idag nederste del av løypa. Sidan Jørgen ikkje har gått før viste vi han kvar han kan få gå fra resten av feltet, so ikkje bli overaska over eit gult tog som sette fart på søndag...
For dei som er spent på kva føre det vert so kan eg berre seie at det vert heilt sjef! Faste fine spor, klister med dekning vil få dei fleste trygt fra start til mål, so det skal ikkje vere nødvendig å bruke for mykje energi på å smøre ski.
Lykke til på 3-mil i morgon Anders, vis kva du kan!!
André
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.