Strålande forhold

Strålande forhold

Del på Facebook
Publisert: 22.03.2010 11:44
Av: Svein Olav Utistog

Birken den store norske klassikeren gjekk under strålande forhold. Allereie ut i frå start vart det satt stor fart og det var berre å henge seg på så godt som mogleg.

Hang bra med i starten og følte meg pigg i dei fyrste stigningane opp mot Skramstad. Etterkvart som føret forandra seg litt og bakkane blei både brattare og lengre byrja eg å få det tungt. Is i klisteret gjorde at eg som sikkert mange andre mista festet, og då armane var lite samarbeidsvillige gjekk både klokka og konkurrentar for fort. Frå Dølfjellet og til Sjusjøen gjekk det i snegletempo. God glid sørga for for at eg klarte meg bra i avslutninga ned frå Sjusjøen. Klokka stoppa på 2.45 og det heldt til 34. plass i Fis maraton cup.

Svein Olav

<<<
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.