
Publisert: 25.01.2011 18:38
Av: André Haugsbø
I oppkøyringa til Marcialonga valde eg å vere med på norgescup i rando i Høyanger. 1500 høgdemeter og vanskeleg føre gav blodsmak i kjeften og gode svar på forma.
Rennet i helga vart vunne av Ola Hovdenak før Ola Berger, eg klarte ein tredjeplass, men eg var laaangt bak. Er likevel fornøgd sidan kroppen funka bra for tida. Eg prøvde å filme heile greia, men det vart litt dårleg kvalitet sidan kamera var litt feil innstilt og veiret var veldig skiftande. De får ta ein titt :-)
No er reisefeberen på god vei og skia vert preppa for å gi suksess til helga. Som alltid klara arrangøren å lage klar 70km med løype sjølv om det er svært lite natursnø. 7mil med kunstsnø, rett og slett imponerande, er vel like mykje som heile norge til sammen...
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.