Langtur

Langtur

Del på Facebook
Publisert: 22.07.2010 19:14
Av: André Haugsbø

Idag nytta eg, Asgeir og Martin fineveiret til ein bra langtur ut mot kysten.

Eg gjekk for gul trøye, Asgeir for sprint- og Martin for ungdomstrøya. Spurtar var lagt inn på alle stadsnamn - totalt 5. Turen fulgte denne ruta: Bygstad - Dale - ferje til Eikenes - om Askvoll - til Førde. Totalt noko over 80km og utallige høgdemeter. Truleg meir enn 1000. Merka det i alle fall godt i overkroppen på slutten, då eg staka heile vegen.

Ikkje overraskande gjekk Asgeir av med sigeren i kampen om den grønne trøya - vann 3 - 2 i forhold til meg. Martin overbeviste i treninga mot sesong som sisteårs junior og fekk ungdomstrøya, og eg stakk av med den gule. Må innrømme eg måtte ha litt hjelp frå Asgeir i siste bakken - ein fjerdedels bar gjorde susen i innspurten.

AH

<<<
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.