
Publisert: 05.09.2010 19:41
Av: André Haugsbø
Idag var eg med på Knarvikmila, eller dvs eg nådde ikkje starten på mila... så det vart 5km i staden.
Eg hadde tydlegvis ikkje sjekka starttida godt for når eg kom på stadion møtte eg teten på 10km. Vart sjølvsagt skuffa over meg sjølv sidan eg hadde sett fram til å prøve å sette ei god tid. Heldigvis fekk eg tips om at fem km starta litt seinare, så den nådde eg!
Løypa var passe kupert og farten var ganske høg ut frå start, i alle fall i mine auge (2.54/km), Hadde heng på teten, men mot slutten vart det for mykje syre i beina så kom inn på 5.pl. Sluttida vart 15.53 - nøgd med det.
I morgon kjem heile laget for ei vekes samling her i Bygstad - ser skikkeleg fram til det!!
André
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.