Høgdesmell

Høgdesmell

Del på Facebook
Publisert: 19.07.2010 20:44
Av: André Haugsbø

Ferieturen til Sveits resulterte i mange dagar med kjempebra vêr og tre toppar over 4000moh.

For å takle planlagt overnatting på Margaritahütte på 4500moh vart dei første dagane nytta til akklimatisering på høgder frå 1500-2800. Byrja med kombinert stake- og fjelltur til Brienzerhorn i Scupfheim og fortsatte med fjelltur til Almagellerhütte i Saas Almagell. Overnatta der på rundt 2800moh, og starta i firetida på morgonkvisten oppstigninga til Weissmies på 4023 moh. Forserte litt klyving og snølagt egg - samt bretur ned igjen.

Vi (meg, Bodil, Øyvind Sandbakk og Silvana Bucher) reiste deretter til Zermatt og Monterosamassivet. Her ligg Sveits sine høgaste toppar - og planen var overnatting på 4500moh. Etter ein flott tur på bre opp til ca 4500 moh gjekk vi på Zumsteinspitze 4563moh og Signalkuppe - der hytta låg. Sidan ein startar tidleg pga snøsmelting på breen, var vi oppe rundt kl ti og hadde heile dagen til rådigheit. Veret var upåklageleg, men formen heller skral. Merka godt høgda i form av intens hovudverk og kvalme. Fekk ikkje i meg mykje middag den kvelden.. Men etter ei god natts søvn var eg heldigvis fit for fight igjen.

Avslutta ferien med litt badeliv, rulleski, nok ein fjelltur - og ein kort bytur til Luzern! Slappar no av heime i Bygstad og prøver å trene godt her.

AH

<<<
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.