Gaularfjellsrittet

Gaularfjellsrittet

Del på Facebook
Publisert: 22.08.2010 19:39
Av: André Haugsbø

Idag gjekk Gaularfjellsrittet av stabelen, 38km der dei sitse 8km stige fra 0 til 720 moh. Må innrømme at eg var litt spent før start

Med eit noko spinkelt treningsgrunnlag på sykkelen la eg meg noko forsiktig bak i feltet i starten. Løypa er relativt flat første 20km så sjølv om teten drog på skikkeleg klarte mange å vere med, deriblant eg. Farten låg på godt over 40km/t og tett med folk i feltet, legge ein til at det styrtregna så forstår ein at eg var litt nervøs for velt... Eg var derfor godt nøgd når bakkane starta og både fart og antall ryttera vart redusert til eit leveleg nivå.

Geir Orrestad drog på inn i første bakke og fekk ei god luke, vi var fem stk som tok opp jakta og vart fort redusert til tre. I siste sving hadde eg bestemt meg for gå "all inn" - Orrestad var fortsatt i tet,men eg begynte å ta inn på. Desverre var ikkje beina like offensive som haude, og eg stivna totalt. Vart til slutt nr tre, 17 bak vinnar og fem etter andremann. Alt i alt kjempenøgd med dagen, hadde aldri trudd at mine sykkelbein skulle klare seg sopass godt.

Treningsmessig har eg ellers fylt helga med klassisk intervall fredag, langtur på beina i går, og ein 2t rulleskitur etter løpet idag. Bra helg!

André

<<<
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.