
Publisert: 08.08.2010 17:39
Av: André Haugsbø
Samlinga i Sollefteå avslutta idag med 7,5 mil staking og roleg restitusjon blant brennenesler ved Nipälven
Sjølv om alle var relativt slitne etter ei hard treningsveke vart farten høg alt fra start. Svigerfar, Christer, fungerte som fotograf, drikkelangar og motivator undervegs. Veiret var på parti med vestlendingane (og trøndern) sidan det idag striregna og var 5cm overvatn.
Etter halvgått distanse begynte det å spekke opp og farten vart sett opp enda eit hakk. Jørgen fekk etterkvart med seg Audun og Thomas H, trioen hadde full kontroll på resten som ikkje klarte å organisere seg i bakre rekke. Mot slutten prøvde Audun seg, men Jørgens lokalkunnskap og groopies var sigeren i realiteten aldri trua. Nordmennene måtte gjere opp seg i mellom og Thomas trakk det lengste strået (Audun leverte protest, dennne ligge til behandling hos det lokale lensmannskontoret).
André
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.