
Publisert: 07.07.2010 06:44
Av: André Haugsbø
Og som for dei fleste langrennsløparar tek eg meg ein god ferie, der eg berre gjer det eg har mest lyst til!
Ferien min starta på Jølster med 10km gateløp, satsa på å sette ny pers, men mykje motvind gjorde dette tungt og eg kom inn på 33.57. Satsa på å finne eit løp til seinare slik at eg kan prøve å komme meg under 33 snart..
Etter dette reiste eg og Bodil til Ørsta ein kort tur for å gå litt i fjellet og få oversikt over sauene til Jorunn og Kolbein. Fleire timar på fjellet i kombinasjon med rulleskiturar i fin natur må seiast å vere den perfekte ferie!
Med slike interesser er det kanskje ikkje so rart at vi idag reise til Sveits for å fortsette ferien, der nede er det i tillegg sol og varmt so det er nødt til å verte knall!
André
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.