
Publisert: 28.07.2010 10:35
Av: André Haugsbø
Dagens første økt vart 3000m på bane med Sindre, Roger og Jann Olav. Som seg hør og bør gjekk alle for tider under 9.00
Som alltid opna Sindre knallhard, og sidan eg manglar både litt på steg og fart vart 64s på første 400m i hardaste laget for meg. Stivna litt vel tidleg! Det danna seg derfor med ein gong tre pulje, først Sindre og Roger, deretter kom underteikna og Jann Olav litt etter litt.
Dei to første hadde god fart og jamne runder rundt 71s til det gjenstod ei runde. Roger avslutta fantastisk og kom inn på 8.43. Sindre sprakk og fekk 9.00.20, eg sjølv klarte å tangere personleg rekord på 9.08 og Jann Olav noko skuffa på 10.07.
No ska eg heim å plukke opp eit par tips frå friidretts EM før eg prøva meg på bane igjen!
André
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.