Neste trening Team 2: Trykk på linken her
Siste bildeserie: Samling på Nannestad
Samling Sognefjellshytta
Publisert: 14.05.2012 13:23
8-15 juni blir det ski på Sognefjellet
Samling Nannestad
Publisert: 14.05.2012 13:20
7-13 mai var vi samlet til årets første samling i vakre Nannestad
Mi førebuing til Vasaloppet

Publisert: 26.02.2011 16:45
Av: André Haugsbø
Denne veka har eg trent hardt på Sjusjøen, og planen er no å roe ned nokre dagar for å ladde opp til Vasaloppet.
Halve teamet, inkludert Simen, var samla på Sjusjøen frå tirsdag. Her vart det trent knallhardt frå onsdags morgon. Eg tok treningsfri både mandag og tirsdag for å restituere etter Estland og vere klar for nokre harde dagar på Sjusjøen. Vi hadde fokus på lange stakeøkter med tøffe rykk/avslutningar. Nysnø kvar dag gjorde det tungt å stake, men vi fekk gjennomført gode økter med høg kvalitet. Hardaste økt for meg var første økt fredag, med 2.15 staking i halvhardt/hardt tempo først og avslutning med 20 X 30 sekunds drag (30s pause) med max innsats frå første drag. Etter desse draga byrja det verkeleg å røyne på, men vi "toppa" økta med 10 drag på ca 20sek (20sek pause ca) til slutt. Alle desse draga gjekk i pigging.
Siste økt for meg var i Ingalåmitraseen, denne gong med feste på skia. Idag er eg vel tilbake på Vestlandet, og har hatt ei økt med skikkeleg fokus på diagnoal teknikk saman med Arthur og Martin Hegrenes. Eg har slite med teknikken i det siste, og følte eg fekk godt utbytte av dagens økt. No vert det fokus på VM frå sofaen og beina høgt når eg har sjangs til det, før eg i midten av komande veke trenar litt meir igjen.
André
Team United Bakeries Styrketips 19-21
Publisert: 02.11.2011 18:44
Team United Bakeries Styrketips 16-18
Publisert: 29.10.2011 06:18
Team United Bakeries Styrketips 13-15
Publisert: 12.10.2011 17:34
Team United Bakeries Styrketips 10-12
Publisert: 05.10.2011 13:10
Team United Bakeries Styrketips 7-9
Publisert: 28.09.2011 19:23