Neste trening Team 2: Trykk på linken her

Siste bildeserie: Samling på Nannestad

Treningsdagbøker
Hva skjer?

Samling Sognefjellshytta

Publisert: 14.05.2012 13:23

Samling Sognefjellshytta

8-15 juni blir det ski på Sognefjellet

Samling Nannestad

Publisert: 14.05.2012 13:20

Samling Nannestad

7-13 mai var vi samlet til årets første samling i vakre Nannestad

Se alle saker
Hyggeleg avslutning!

Hyggeleg avslutning!


Publisert: 04.04.2011 19:05
Av: André Haugsbø

Sesongen vart avslutta i helga, og eg avslutta karrieren på Team United Bakeries.

Norefjellrennet var, som mange andre har skrive, eit av dei hardaste eg nokon gong har gått. Som oftast går eg bra mot slutten av renn, men denne gongen vart avslutninga ganske tøff med mykje kramper den siste mila. Dette gjorde at eg ikkje kunne gå så hardt som eg fysisk sett hadde kapasitet til, og vi tapte mykje til teten siste delen. Ein delt 7.plass til slutt var eg likevel svært godt nøgd med. Eg og Audun vart enige om at ein spurt ikkje ville slå heldig ut på krampene våre, så vi gjekk rolig og likt over mål.

Avslutningsmiddagen stod Terje Ness for - og for ein middag. Myyykje gode smakar. Min favoritt var nok kobebiffen og ei "himmelsk" sjokoladefudge/kake til slutt. Takk!

Som eg nemner i headingen, avsluttar eg no satsinga mi med Team United Bakeries. Eg har vore heldig og vore med sidan starten, og sit att med svært mange gode opplevingar i og utanfor skisporet. Ingen tvil om at dette har gjort meg til ein mykje betre skiløpar og at eg har hatt mykje att for å vere på laget. Eg kjem nok ikkje til å legge opp treninga, og konkurransar vert det nok også neste år - men mulig på eit noko lågare nivå. Til sommaren vert eg bleieskiftarbeidar, og eg er usikker på kor mykje tid eg vil få til trening, reising og konkurransar.

Framover vert det nok mykje jobbing som rekneskapsførar, konkurranse i randonne om to veker (www.x2ski.no) og mange toppturar i påska.

André

Samarbeidspartnere


Utvalgte videoer

Team United Bakeries Styrketips 19-21

Publisert: 02.11.2011 18:44

Team United Bakeries Styrketips 16-18

Publisert: 29.10.2011 06:18

Team United Bakeries Styrketips 13-15

Publisert: 12.10.2011 17:34

Team United Bakeries Styrketips 10-12

Publisert: 05.10.2011 13:10

Team United Bakeries Styrketips 7-9

Publisert: 28.09.2011 19:23

Se alle videoer